Fylkesmannen ventar på svar frå Årdal kommune i samband med avlastingstilbodet.
Etter tilsynssaka tidlegare i sommar, konkluderte Fylkemannen med at Årdal kommune ikkje har gjeve brukarane avlasting i samsvar med vedtaka og varsla at det saka ville bli følgd opp. Fylkesmannen bad om ei orientering over korleis Årdal kommune skal løysa utfordringane rundt tilbodet. Fristen vart sett i 25. august.
Ikkje avklart
I eit brev til kommunen datert i slutten av august, går det fram at det framleis ikkje er kome noko svar frå kommunen som opplyser kor vidt tilbodet er på plass innan 1. september.
– De opplyser i brevet dykkar av 22.07 at de på det tidspunktet ikkje har avklart om de vil få tilsett tilstrekkeleg med personale til at avlastingstilbodet kan bli ytt i samsvar med vedtaket og at det skal vera full drift frå 1. september, skriv avdelingsdirektør Petter Øgar, og ber om snarleg attendemelding.
Ingen avtale
I svaret kommunen sende 22. juli vart eit notat som vart lagt fram for formannskapet i juni sendt med som vedlegg. Her går det fram at avlastingstilbodet skal løysast ved å leiga inn tenester frå eit vikarbyrå.
Sogn Avis skreiv tidlegare i sommar at det ikkje vart nokon avtale med vikarbyrået, ettersom dei ikkje fann det mogleg å tilpassa turnusen til Årdal kommunen sine eigne tilsette.
Full drift
Formannskapet i Årdal vart orientert på møte 31. august om at det, etter ein omfattande rekrutteringsprosess no er tilsett nok folk til å bemanna avlastingstilbodet, og at det er i full drift frå fristen som vart sett.
Med omsyn til brevet frå Fylkemannen, opplyser rådmann Ingvar Laberg i Årdal kommune at svaret som vert etterlyst er under utarbeiding og vil bli sendt Fylkesmannen i løpet av kort tid.
Nye kommentarar