I haust vil meir enn to millionar bustadeigarar få beskjed om å senda inn opplysningar om bustaden deira til skatteetaten.
Ein ny metode for å fastsetja bustadars likningsverdi, blir innført frå og med inntektsåret 2010. Føremålet er å skapa betre samanheng mellom likningsverdi og omsetnadsverdi på bustadeigedomar.
Dei nye reglane omfattar alle bustadeigedomar, med unnatak av bustadar på Svalbard, fritidsbustadar, våningshus og bustadar i utlandet, heiter det i pressemelding frå Skatt Vest.
Måleband
I byrjinga av september får 2,4 millionar bustadeigarar brev frå skatteetaten med informasjon om dei nye likningsreglane. Her vil dei bli bedt om å rapportere inn opplysningar om bustadareal, byggeår og bustadtype.
Opplysningane blir grunnlaget for den nye likningsverdien bustaden har. Dei fleste bustadeigarar finn opplysningane i salsoppgåver og taksdokument. Men nokon må kanskje fram med målebandet.
– Me treng areal av primærromma i bustaden, det vil seie P-ROM. P-ROM er alt ein kan definere som opphaldsrom i bustaden; kjøkken, stue, bad, vaskerom, entré, soverom og liknande. Garasje, uinnreidd loft og kjellarrom, bodar og andre typer oppbevaringsrom blir ikkje rekna som P-ROM. Har du ikkje opplysningar om P-ROM, kan du oppgje BOA, forklarar avdelingsdirektør Nina Elise Domaas i Skatt vest.
Formuesskatt
Endringa i likningsverdien på bustaden får betydning berre for formuesskatten, ikkje inntektsskatten. Sjølv om nye reglar fører til at gjennomsnittleg likningsverdi, og det totale formuesskattegrunnlaget aukar, vil auken av botnfrådraget føre til at dei aller fleste får uendra eller lågare formuesskatt.
Berekningar frå Finansdepartementet syner at 120 000 færre bustadeigarar vil betale formuesskatt. Om lag 615 000 får lette, medan 155 000 får skjerping av skatt.
Likningverdi
Dei nye reglane inneber at likningsverdien blir fastsatt med utgangspunkt i ein kvadrat<\h>meterpris.
Denne byggjer på statistiske opplysningar om omsatte bustadar, og blir bestemt ut frå bustadtype, areal, geografisk beliggenhet og alder. I tillegg vil det bli teke omsyn til om bustaden ligg i eit område som er tett eller spreidt bebygd.
– Statistisk sentralbyrå skal fastsetja kvardratmeterpris for bustaden. Prisen skal gje uttrykk for ein anslått marknadsverdi per kvadratmeter. Berekningane frå SSB vil bli oppdatert kvart år, slik at likningsverdien blir endra i takt med endringar i bustadmarknaden, påpeikar avdelingsdirektør Nina Elise Domaas i Skatt Vest.
Nye kommentarar