Vener av Den engelske kyrkja blar opp 20.000 kroner.
– Me er sjølvsagt glade for at kyrkja har vener som betaler kostnaden med biletet, som ei gåve. Veneforeningen hadde ikkje hatt råd seier Erland Fagermoen, styreleiar i veneforeningen for Den engelske kyrkja (Church of St. Olaf).
Måla på tøy
I kyrkja er eit bilete av Olav den heilage, ei fane måla på tøy, og er truleg frå 1897. Rundt 1970 vart det restaurert av Aase Kvikne Bjordal. No er biletet prega av tidas tann.
– Først var planen å restaurera det, men sidan biletet er festa på papir, let det seg ikkje gjera, seier Fagermoen.
Dei kontakta Jølster Design som er kjend for arbeidet med å veva kyrkjetekstilar.
– Når det vovne teppet er på plass, veit me ikkje enno. Men me vil laga til ei markering når det kjem. For det treng me, seier Fagermoen.
Kausjonerer
Veneforeningen vart skipa då dei store vasskadane vart oppdaga i tårnet på kyrkja. Pengar til arbeidet fanst ikkje.
– Det offentlege stiller ikkje opp. Veneforeningen ved styret har lånt og personleg kausjonert for dei 600.000 kronene som arbeidet kosta.
Treng pengar
Men det er ikkje berre i tårnet det er skade. Planen var òg å få vøla dei to arkane.
– Skaden visste seg å vera så store at me berre hadde råd til å ta den eine arken. Arbeidet kosta oss 300.000 kroner. No har me snart brukt ein million kroner, seier styreleiaren, aldri så lite oppgjeven av at det stadig vert oppdaga nye skader. Og det er alltid verre enn dei først trur.
Neste prosjekt er å få utbetra den andre arken, men til det arbeidet treng dei pengar.
Fleire vener
Veneforeningen for den engelske kyrkja i Balestrand har 180 medlemer.
– Me ynskjer oss fleire vener. Di fleire di betre, for det er private personar som må trø til og ta eit ansvar for kyrkje. Me har snart brukt vel ein million kroner, og meir må til for å ta nye og høgst naudsynt vølingsarbeid, seier Erland Fagermoen.
Nye kommentarar