Sendt til sjukehus.
Ei kvinne i 20-åra vart i ettermiddag rygga på av ein liten lastebil på brua opp mot Elvatunet i Sogndal.
– Lastebilen var i arbeid. Kvinna er køyrt til sjukehuset i Førde, men var ikkje alvorleg skadd, opplyser Per Rimmen i politiet.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.40 tysdag. Saka blir etterforska.
Nye kommentarar