85-årige Leikanger Mannskor startar opp att etter sommarferien og freistar nye songarar med Olav Stedje-prosjekt.
Koret har i haust gjort avtale med Olav Stedje om eit samarbeid.
– Me gjorde det same for seks år sidan og prøver det gjerne igjen. Difor legg me inn giret no og skal ha to konsertar, ein i Lærdal og ein på Leikanger, slik at begge sidene av fjorden har noko å gleda seg til, fortel Roar Werner Vangsnes.
Dirigenten tilbake
Ludvik Kjellevold er attende som dirigent etter nokre års pause med taktstokken.
– Både Ludvik og me i mannskoret ser fram til å starta opp att, og håper at mannskorsong vil lokka nye karar i alle aldrar til å vera med oss i haust, seier Vangsnes.
Koret øver til vanleg på tysdagar. Men sidan det er landskamp fyrste tysdagen i haust, startar Leikanger Mannskor opp øvingane onsdag 8. september.
Humor
Leikanger mannskor helsar nye kormedlemmer velkomne.
– Songstemme er inga hindring for å byrja i mannskoret. Og det er heller ikkje påkravd å stå på nokon revyscene. Me likar å setja oss nokre mål igjennom sesongen, og med mykje humor og musikalske gleder startar me opp att med ny frisk. Hjarteleg velkomen til alle som vera med på vårt «elleville mannskorliv» her i eplehagen på Systrond, seier revysjef Vangsnes.
Nye kommentarar