70 prosent av traineeane i Framtidsfylket Trainee har blitt verande i Sogn og Fjordane etter traineeperioden.
Dette kjem fram i ei undersøking i karrieremagasinet Kaleidoskopet.
Dei fleste som har delteke i det regionale traineeprogrammet i Sogn og Fjordane, blir i bedrifta dei har vore knytt til i traineeperioden.
Åtte av ti frå traineekullet 2009-2010 har fått mellombels eller fast jobb i regionen. Av dei som har flytt ut av regionen, har cirka 15 prosent valt å studere vidare, medan ein tilsvarande prosentdel er arbeidstakarar.
Framtidsfylket trainee har satsa på fleire felt for å gjera traineeopplevinga positiv. Traineane får ein mentor i bedrifta dei jobbar i. Det er jamlege traineesamlingar med søkjelys på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og eit knippe tema som er nyttige når ein er ny i jobben.
Eigenutvikling er ein sentral del av det å vera trainee. I tillegg er det lagt vekt på at traineane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane samstundes som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane, heiter det i ei pressemelding.
Nye kommentarar