Me har fått svært mange flotte haustbilete frå lesarane, og ynskjer oss framleis fleire. I seriane under kan du sjå bileta som alt er komne inn.
Sjølvsagt tek me også imot haustbilete av det meir vinterlege slaget.
Bileta kan du senda til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982. Hugs å få med namnet på fotografen og ein liten tekst som fortel kva me ser på biletet.
Innsendte bilete vil bli synte fram i ein bildeserie med haustbilete på sognavis.no. Nokre vil også koma på trykk i papirutgåva av Sogn Avis. Bileta bør vera høgoppløyselege, det vil seia minimum 1 Mb.
Også i år har me ein eigen bildeserie med tema jaktbilete. Det kan sjølvsagt vera bilete av fangst, men også flotte naturfoto frå jaktturen og bilete av gode jaktvener som tek ein pause med kaffi i koppen, vert mottekne med stor takk.
Hugs å merka eposten med "Haustbilete" eller "Jaktbilete".
Nye kommentarar