...
SYLSKARPT: Artisten Ruben Gazki fekk unge sogningar til å stå oppå seg medan han låg på spikarmatta. Han reiser mykje rundt og held show i kristne samanhengar.

På spikarmatte for Jesus

Sylskarpe spikermatter og høge sykkelsvev lokka mange unge til show for Jesus i Sogndal

Publisert 06.09.2010 kl 18:59 Oppdatert 06.09.2010 kl 18:59

Tips ein venn på e-post:


Den kristne ekstremsportfestivalen ReCap 2010 sette sitt svært tydelege preg på Sogndal denne helga.

– ReCap er ein kristen ungdomsfestival med fokus på ekstremsport og utandørsaktivitetar. Festivalen har base i Sogndal og årets festival var tredje gongen ReCap vert arrangert. Aktivitetar på festivalen var mellom anna vere downhill terrengsykling, klatring, kajakk, vassport, seminar og møte for ungdom, fortel festivalsjef Mathias Mundal.

Mykje folk

Han var særs nøgd med frammøtet, ikkje minst i sentrumsparken, der actionsport, flammesluking og utfordringar på spikermatter stod i fokus. Den kristne illusjonisten og magikaren Ruben Gazki imponerte kanskje mest av alle, der han heilt frivillig la seg på sylkvasse spikrar. Deretter lot han publikum gå oppå seg.

– Alt dette gjer eg for å spreia ordet om Jesus. Eg trur dette er ein god måte å formidla ordet på, seier Gazki, og det var tydeleg at mange av dei unge som var møtt fram lot seg riva med. Etter showet var det mange som vart med både på bøn og samtalar med dei vaksne festivalleiarane.

Tøffe triks

Imponerande var og BMX-syklistane frå laget Gx International. Dei turnerer verda rundt med halsbrekkjande triks, og fekk stor applaus og velfortent jubel for sin del av showet.

– Me er utruleg godt nøgde med helga. Me gjekk frå om lag 30 påmelde i fjor til over 50 i år, så me tykkjer den auken er heilt fantastisk, seier festivalsjefen.

Han legg vekt på at konseptet er at dei vil syna at Guds ord ikkje nødvendigvis er noko som berre vert forkynt gjennom møter og gudstenester på bestemte tidspunkt.

– Me trur Gud har skapt oss alle med ulike talent so me kan få dela med menneske rundt oss, seier Mundal.

Han presiserer at forkynningsdelen ikkje er noko dei vil prakka på folk.

– Dette er eit fritt personleg val folk må ta, og showet laurdagskvelden var heilt ope for absolutt alle.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.