Rådyrt for unge legar å få fast jobb.
Fleire unge og nyutdanna legar vil ha fast stilling i Sogndal, men dei har ikkje råd. Avtroppande fastlegar i regionsenteret forlanger opp mot ein halv million kroner i sokalla goodwill for å gje frå seg pasientlistene sine.
Rådmann Jostein Aanestad stadfestar at kommunen har teke imot krav om goodwill frå fastlegar, som har, eller skal, slutta som kommunelege.
– Desse krava er returnerte til dei legane dette gjeld. Dette er nemleg ikkje noko kommunen har noko med. Eventuelle krav om goodwill for pasientlister, må rettast mot legen som tek over stillinga, opplyser Aanestad. Det er ifølgje rådmannen heilt uaktuelt for kommunen å betala noko for goodwill til legar som sluttar på Sogndal legesenter.
Meir enn millionen
– Sogn Avis har registrert eit krav om utbetaling av goodwill på postlista dei siste månadene. Har kommunen motteke fleire?
– Me har returnert fleire krav, ja.
– Kor store summar er det snakk om?
– Det har eg ingen kommentar til, seier Aanestad.
Sogn Avis kjenner likevel til at det samla er sett fram krav for goodwill på over ein million kroner til kommunen. For eitt enkelt tilfelle skal det vera snakk om opp imot ein halv million kroner.
– Er du overraska over at ein kommune som Sogndal tek imot krav om goodwill?
– Generelt vil eg seia at det er svært viktig for oss å ha røynde legar på legesenteret. Det betyr mykje for rekruttering av unge og nyutdanna legar, at dei har eldre å rådføra seg med i vanskeleg saker. Men det er større grunn til å forstå at avtroppande legar set fram krav om goodwill i tilfelle der dei sjølve har bygd opp både pasientliste og ein privat praksis elles. Slik er det ofte i større byar, der det også kan vera konkurranse om pasientar.
Får listene
I Sogndal får ein nytilsett lege tildelt pasientliste når vedkomande byrjar i jobb. Det er altså ikkje slik at ein lege, som byrjar på legesenteret i Sogndal byrjar på null og personleg må opparbeida seg ei pasientliste.
Etter det Sogn Avis får opplyst har legane i Sogndal avtale med kommunen om både lokale, sekretærhjelp, straum og andre faste utgifter. Dei privatpraktiserande legane på legesenteret har soleis ikkje driftsutgifter. I tillegg får dei altså tildelt pasientliste når dei byrjar.
– Når legane slepp å gjera noko for å byggja opp lista og elles får alle utgifter dekka av kommunen, korleis i all verda kan dei då skaffa seg eit eigarskap til pasientlista, og krevja kommunen for goodwill?
– Kommunen lyser ut ledig fastlegeheimel med tilhøyrande pasientliste, og den som vert tilsett får soleis tildelt pasientlista frå kommunen.
Fem vikarar
Sogndal kommune har ni stillingsheimlar som fastlege. For tida er fem av desse stillingane bemanna av vikarar, noko som rådmannen karakteriserer som uheldig for brukarane.
– Stemmer det at de har hatt søkjarar til faste legestillingar, som har trekt seg, rett og slett fordi dei ikkje har råd til å betala for denne sokalla goodwillen?
– Det stemmer. Me har hatt fleire gode søkjarar til faste legestillingar, som har trekt søknaden med slik grunngjeving. Dette er problematisk for oss, og eg er uroleg for rekruttering av nye legar i framtida dersom dette breier om seg. Dette vil bli problematisk også for andre kommunar dersom dette skal halda fram, seier Jostein Aanestad.
Sektorleiar Clara Øberg er fortvila over situasjonen som har oppstått i kjølvatnet av krava om goodwill.
– Konsekvensen av dette er at me i staden for unge, norsktalande legar som vil ha fast jobb, får ein vikarstafett, der me ofte opplevd store språkvanskar spesielt for eldre folk, seier Øberg.
I alt 20 ulike legar har dei vore innom dei ni faste legestillingane i Sogndal dei tre siste. Kommunelege Per Stensland er fortvila over situasjonen.
Han ønskjer ikkje å gå direkte inn i ein debatt om dei sokalla goodwillavtalane mellom avtroppande og påtroppande fastlegar. Avtalar som gjer det svært vanskeleg for unge legar å kunna ta faste jobbar, sidan dei då må betala hundretusenvis av kroner for å overta pasientlister.
– Det som er klart er at dette fenomenet med goodwillavtalar er i ferd med å spreia seg utover frå storbyane, dette har jo ikkje vore vanleg i Sogn og Fjordane, seier Stensland.
Han er ikkje overraska over at kommunen har valt å senda attende krav om goodwillpengar til fastlegar som har sagt opp stillingane sine.
– Men for meg handlar dette vel så mykje om at vi er nøydde til å klara å stabilisera situasjonen på legesenteret. Omgrepet fastlege er nok litt uforståeleg for folk flest no når det har vore så mange utskiftingar dei siste åra. Den situasjonen hadde me òg før dette med goodwillavtalane kom på bordet, slår Stensland fast.
Heilt på sin plass
Han meiner at det no er behov for ein større gjennomgang saman med kommunen for å få på plass rekrutteringstiltak som faktisk fungerer.
– Det er jo noko som ikkje stemmer her, medgjev Per Stensland.
Leiar i Hordaland legeforeining, Gunnar Ramstad, har jobba mykje med denne problematikken, og meiner at det er heilt på sin plass at unge legar betalar goodwillpengar til avtroppande fastlegar.
– Men eg vil at me skal bort frå at det er snakk om kjøp av lister og pasientar, det er så mykje meir. Her er det snakka om å betala for den kvaliteten som ein god lege har bygd opp gjennom mange år, mellom anna, meiner Ramstad.
Han syner mellom anna til at Legeforeningen tilbyr finansiering av dette gjennom eigne fond, til svært gunstige rentevilkår.
Nye kommentarar