...
(Foto: Norsk Tipping)

Pengedryss over grasrota

Idrettslaga får mest i Sogn.

Publisert 03.09.2010 kl 15:48 Oppdatert 03.09.2010 kl 15:48

Tips ein venn på e-post:

Desse fekk mest i kommunane:

  • Aurland: Aurland idrettslag: 40.937 kroner
  • Balestrand: Balestrand idrettslag: 18.320 kroner
  • Høyanger: Idrettslaget Høyanger: 176.079 kroner
  • Leikanger: Syril idrettslag: 48.179 kroner
  • Luster: Luster Røde Kors: 28.456 kroner
  • Lærdal: Dyrevernlaget Indre Sogn: 24 381 kroner
  • Sogndal: Sogndal idrettslag fotball: 43.197 kroner
  • Vik: Vik idrettslag: 44.078 kroner
  • Årdal: Idrottslaget Jotun: 131.916 kroner

1. september utbetalte Norsk Tipping nye 83 millionar kroner frå Grasrotandelen. Sogn og Fjordane har nær 18.000 grasrotgjevarar og desse har til no i år bidrege med 4.748.987 kroner til lag og foreiningar i fylket.

– Me har som forventning å kunne dela ut over 250 millionar kroner til grasrota i år, og det trur me at me kjem til å klara. Det er framleis eit stort uutnytta potensial for Grasrotandelen, og her er det berre for lag og organisasjonar å setja i gang med haustjakta på nye potensielle grasrotgjevarar, seier konstituert kommunikasjonssjef Magne Vikøren i Norsk Tipping.

Grasrotandelen gjev spelarane moglegheit til å vera med og bestemma kva noko av overskotet til Norsk Tipping skal gå til. Kvar gong grasrotgjevarane spelar på eitt av spela til Norsk Tipping, går fem prosent av innsatsen deira til laget eller organisasjonen dei har knytt seg til

Dette er den andre av tre årlege utbetalingar. Den neste utbetalinga er 1. januar, vert det opplyst i ei pressemelding.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.