Sju klassar frå tre skular i Sogn og Fjordane har til no meldt seg på.
Forskingsrådet inviterer alle skulane i landet til ein real dugnad for å kartleggja kva for artar av meitemakk som finst i ulike deler av landet.
– Me håper mange blir med. For å få fullstendige kart over utbreiing er me avhengige av at skular frå alle deler av landet blir med. Her kan éin klasse frå eller til bety mykje for sluttresultatet, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Norges forskningsråd.
Til no har 216 klassar frå 107 skular meldt seg på den nasjonale skulekampanjen. I Sogn og Fjordane er kommunane Førde, Bremanger og Høyanger representerte.
Resultat elevane kjem fram til, vil bli overførte til det offisielle utbreiingskartet til Artsdatabanken, ei viktig digital samling til bruk i forsking. Artskarta for meitemakk har i dag store kvite flekker, som forskarane håper flest mogleg skular vil vera med på å fylla ut, heiter det opplyst i ei pressemelding.
Sjølve meitemakkjakta skal gå føre seg i veke 37-39 og vert avslutta under Forskingsdagane 1. oktober.
Nye kommentarar