Fylkeslege Petter Øgar blir ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet.
Petter Øgar vart i statsråd i dag utnemnt til ekspedisjonssjef i kommunetenesteavdelinga i Helse- og omsorgsdepartementet, melder Fylkesmannen.
Kommunetenesteavdelinga har eit hovudansvar for staten sin politikk knytt til helse- og sosialtenestene i kommunane, mellom anna pleie- og omsorgstenestene, rusfeltet og kommunane sitt arbeid med psykisk helse.
Dei har også ansvaret for kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova med unntak av økonomisk sosialhjelp. Avdelinga har eit særleg ansvar for å sikra samanheng i tenestene.
Petter Øgar har vore fylkeslege i Sogn og Fjordane sidan 1995.