Sogn og Fjordane har klart størst vekst i arbeidsløysa siste året, med 16 prosent.
På landsnivå er arbeidsløysa uendra, og mange fylke har redusert arbeidsløyse.
– Fleire permitterte og færre personar i tiltak forklarer ein god del av auken i Sogn og Fjordane, seier direktør Tore Thorsnes ved Nav Sogn og Fjordane.
Ved utgangen av august er 1324 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken.
Sogn og Fjordane er framleis blant dei fylka som har lågast arbeidsløyse. Berre Oppland og Rogaland har lågare arbeidsløyse. På landsnivå er arbeidsløysa 2,9 prosent.
Dobla i Årdal
Ti av kommunane har ein reduksjon i arbeidsløysa samanlikna med august i fjor. Solund og Balestrand har størst reduksjon med høvesvis 44 prosent og 42 prosent.
Arbeidsløysa har auka mest i Hyllestad og Årdal. I desse kommunane er arbeidsløysa meir enn dobla frå august i fjor. Flora med 4,8 prosent og Høyanger med 4,6 prosent, har framleis høgast arbeidsløyse i fylket.
Butikk og bygg
Samanlikna med august i fjor har arbeidsløysa auka mest i kategoriane butikk- og salsarbeid og bygg og anlegg, begge med ein auke på 33 prosent.
Det er no 84 ledige innan butikk- og salsarbeid og 159 ledige i bygg og anlegg. Også akademiske yrke har ein stor prosentvis auke i arbeidsløysa, men her er det berre 21 ledige. I industrien er det 417 heilt ledige, ein auke på 13 prosent frå august i fjor.
Fem yrkeskategoriar har ein reduksjon i arbeidsløysa. Reduksjonen er størst innan ingeniør- og ikt-fag, som har ein reduksjon på 18 prosent.
247 av dei heilt ledige i fylket er permitterte, ein auke på 47 prosent frå august i fjor. 89 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien.
Færre ledige stillingar
I august vart det lyst ut 291 ledige stillingar i Sogn og Fjordane, ein reduksjon på 35 prosent frå august i fjor. Nedgangen er størst innan serviceyrke og helse, pleie og omsorg. Reduksjonen her er på høvesvis 62 prosent og 59 prosent.
Berre akademisk yrke og jordbruk, skogbruk og fiske har ein auke i stillingstilgangen, heiter det i ei pressemelding frå Nav.