...
Geir Hansen er blant søkjarane. (Arkivfoto)

Sju vil bli kommunalsjef

Blant dei er siviløkonom Geir Hansen, som har brei leiarerfaring frå privat næringsliv.

Kjell Eldegard E-post
Publisert 03.09.2010 kl 11:24 Oppdatert 03.09.2010 kl 13:53

Tips ein venn på e-post:


Sju søkjarar, tre menn og fire kvinner, har meldt interessa si for kommunalsjefstillinga i Årdal, som blir ledig i Årdal, etter at Alf Olsen jr går til jobben som rådmann i Lærdal i oktober.

Fire av søkjarane meiner det er i orden at namna deira blir offentleggjorte; høgskulelektor Anita Heggebø frå Bergen/Vindafjord, faglærar Geir Hansen frå Årdal, sjukepleiar Rebecca Hartman-Thim frå Lærdal og kommunalsjef Åse Vik frå Øygarden.

Dei tre som ikkje vil ha namnet sitt offentleggjorte i denne omgangen, er ein kvinneleg og ein mannleg kommunalsjef, samt ein mannleg leiar i det private næringslivet. Kjem nokre av desse tre i posisjon til å bli innstilte til stillinga, er det ein føresetnad at namna deira blir offentlege.

Rådmann Ingvar Laberg fortel at dei har fått gode kandidatar å velja mellom, og at framdriftsplanen er at utveljing og intervju av dei aktuelle søkjarane skal vera gjennomført innan utgangen av veke 36. Held denne framdriftsplanen, vil tilsetjing av ny kommunalsjef gå føre seg i formannskapsmøtet 21. september.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.