Fordi to pulverapparat var stolne frå Lærdalstunnelen.
Det er ikkje første gong at brannvesenet må rykkja ut fordi pulverapparat er tekne.
– Det er blitt eit problem, seier Roy Humlestøl hjå alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK.
Kvart på to natt til fredag gjekk brannalarmen i Lærdalstunnelen. Ti brannmenn frå Lærdal og fem frå Aurland drog ut.
Men i tunnelen var det ikkje brann. Nokon hadde stole to pulverapparat i tunnelen, og då går brannalarmen automatisk.
– Me kan ikkje finna oss i at nokon utset seg sjølve og andre for fare ved å stela pulverapparat. Eg reknar med at Statens vegvesen som eig tunnelen vil melda dette til politiet, seier Humlestøl.
Nye kommentarar