...
Onsdag får folk i Balestrand mellom anna mogelegheit til å visa kor flinke dei er til å triksa med fotball. Her frå då sommarpatruljen vitja Sogndal.

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks.

Publisert 02.09.2010 kl 15:11 Oppdatert 02.09.2010 kl 15:39

Tips ein venn på e-post:


Fredag denne veka skulle me ha skipa til finale i SognaQuiz og SognaTriks på Hermansverk, men mellom anna fordi så mange av finalistane ikkje hadde høve til å møta - så har me valt å avlysa.

– Men me vil absolutt premiera dei som deltok og som var kvalifisert for finalane i dei to tevlingane. Desse vil bli kontakta snarast, lovar Geir Bjarte Hjetland i Sogn Avis.

Han forsikrar om at Sommarpatruljen kjem attende neste sommar, også då med lokale tevlingar.

– Å reisa ut og møte lesarane våre er noko av det kjekkaste me kan gjera, og det har vore utruleg kjekt denne sommaren, seier Hjetland.

- I alt var Sogn Avis si sommarpatrulje innom ni av sognekommunane og me fekk mange gode tilbakemeldingar på det arbeidet me gjer med avisa vår.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.