Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet.
– Det er svært lite ryper i fjellet, seier Lars Voll, styremedlem i Vik grunneigarlag.
Kuttar vinterjakta
Grunneigarane i sone 2 og 3, det vil seia i området ved Vikafjellet, har hatt styremøte der den kommande småviltjakta vart diskutert.
– Me har vedteke å utsetja jaktstarten med 15 dagar. Dermed vert det opna for jakt frå 25. september, i staden for 10. september som er vanleg, fortel Voll.
I tillegg har grunneigarane bestemt seg for å kutta ut vinterjakta. Siste jaktdag vert 23. desember.
Freding neste
Voll fortel at talet på ryper har blitt kraftig redusert dei siste ti åra. Fjoråret var elendig.
– Me må gjera tiltak for å få bestanden opp att. Neste trekk kan bli å freda området for jakt, og det er eit drastisk tiltak, seier Voll.
Varierer mykje
Viltforvaltar Hermund Mjelstad ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen fortel at totalbiletet for rypejakta i fjor var dårleg over heile landet. Han har fått tilbakemeldingar på at det er meir smågnagarar i fjellet i år, og det er vanlegvis eit godt teikn.
– Men det er store variasjonar frå fjell til fjell, så det er vanskeleg å gje eit godt svar på korleis jaktsesongen vert, seier han.
Nye kommentarar