Fjord1 har slanka administrasjonen.
Fleire endringar har ført til at administrasjonen i konsernet er redusert med 30 årsverk.
Konsernsjef Leif Øverland er nøgd med utviklinga, vert det opplyst i ei pressemelding.
Han legg vekt på at dette er eit resultat av hardt arbeid,
– Dette er ein viktig milepæl for Fjord1. Me har lova i vår strategiplan eit konkurransedyktig selskap. No leverer me punkt 1 i strategiplanen – ein meir effektiv administrasjon – og eg er imponert over det arbeidet som er gjort, seier Øverland, som legg vekt på at det vert stilt store krav til alle no når 30 færre årsverk skal tene drifta.
– Men med så mange dyktige medarbeidarar skal dette gå veldig bra, forsikrar han.
Han melder om positiv utvikling i driftsselskapa.
– Me ser alt gode resultatforbetringar i alle busselskapa. Sjøverksemda viser også fleire positive teikn. Det vert arbeidd hardt for å sikra god og lønsam drift på dei kontraktane me har og skapa vekst gjennom å vinna nye lønnsame kontraktar, seier konsernsjefen.
Nye kommentarar