...
Dronning Sonja og tilsynhavar Marit Bøen godt nøgde med å ha planta eit nytt plommetre ved besøkssenteret til Urnes stavkyrkje. Foto: Sigrid Svartefoss

Dronninga planta plommetre

Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre.

Sigrid Svartefoss E-post
Mariann Skau E-post
Publisert 02.09.2010 kl 10:05 Oppdatert 03.09.2010 kl 10:24

Tips ein venn på e-post:

Dronningbesøk

...

– No står det støtt, seier Marit Bøen til dronning Sonja, som med stor iver gjekk til verks med å planta eit nytt plommetre i hagen til besøkssenteret til Urnes stavkyrkje.

– Då får me gjera vårt til at det står endå betre, svarar dronninga, smilte, og tok endå nokre spatak og sytte for at det nyplanta plommetreet skal stå støtt.

Etter treplantinga var det lunsj for dronninga og dei andre gjestene på Ornes.

Flytrøbbel

Dronninga skulle ha vore på plass i Solvorn litt etter klokka 10, og programmet for besøket i Luster skulle ha starta klokka 10.30. Men flyet kunne ikkje ta av til planlagt tid frå Oslo på grunn av tekniske problem.

Dronninga kom like før klokka 12 til Solvorn der ho fekk overrekt blomebukett frå Johannes Handeland. Buketten er sett saman av markblomar, mellom anna blåklokker og tytebærlyng, og dronning Sonja sa at ho tykte det var ein fin bukett.

Barneskuleelevar og barnehageborn stod oppstilte med norske flagg for å helsa dronninga velkomen, og enkelte byrja ropa hipp-hipp-hurra då det enno var over halvtimen til dronninga ville vera framme i Solvorn.

Dronninga og miljøvernminister Erik Solheim vart frakta i båt over til Ornes.

Dronning Sonja vitja Luster i samband med ei markering av den omfattande restarureringa av Urnes stavkyrkje.

Erstatta gamalt tre

Plommetreet ho planta, erstattar eit plommetre som måtte vika då det skulle byggjast eit mellombels tilbygg på besøksenteret i samband med restaureringa av stavkyrkja. Treet dronninga fekk æra av å planta er av sorten Altans.

– Eg måtte la dronninga ta inititvet, seier Marit Bøen om den kongelege plantehjelpa.

Tilsynshavaren ved stavkyrkja hugsar godt då ho fekk dronningvitjing i stavkyrkja for to år sidan. Det var ei særs interessert dronning som kom for å sjå verdsarvkyrkja, ribba for alle skattar, medan det storstila restaueringsrabeidet pågjekk.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.