Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis?
Då må du skunda deg å senda dei inn til oss.
Me har no starta på den første haustmånaden, og dermed er det på tide å tekkja ut premiar blant dei som har sent oss sommarfoto.
Dei som enno ikkje har fått sendt inn sommarbileta sine, får frist til i morgon, fredag, klokka 9, dersom dei ynskjer å vera med i trekninga av to krus frå Sogn Avis. Det er sjølvsagt mogeleg å senda inn sommarfoto seinare enn det, men då er konkurransen avslutta.
Med den strålande starten me no har på hausten, gler me oss verkeleg til å sjå lesarane sine haustfoto. Ta med deg kameraet ut i helga, og send oss bilete av flotte haustopplevingar med ein smak av sommar.
Bileta kan du senda til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982. Hugs å få med namnet på fotografen og ein liten tekst som fortel kva me ser på biletet.
Innsendte bilete vil bli synte fram i ein bildeserie med haustbilete på sognavis.no. Nokre vil også koma på trykk i papirutgåva av Sogn Avis. Bileta bør vera høgoppløyselege, det vil seia minimum 1 Mb.
Også i år vil me ha ein eigen bildeserie med tema jaktbilete.
Nye kommentarar