Anbodsopning på Fylkeshuset idag.
Det vart levert inn fire anbod på ekspressbåtruter i Sogn og Fjordane i perioden 2012 til 2020. Tre av tilbydarane var til stades på fylkeshuset i Leikanger då anboda vart opna onsdag 1. september klokka 1300.
Tilbydarane var: Torghatten Nord AS, Fjord1 Fylkesbaatane, Tide Sjø og i tillegg var det levert inn anbod frå Veolia Transport Nord AS. Innkjøpssjef Siri Heggenes i Sogn og Fjordane fylkeskommune styrde anbodsopninga assistert av rådgjevar Kjersti Døssland. Til stades var også fylkesdirektør for samferdsle Velaug Veum.
– No startar arbeidet med å gå gjennom anboda og kontrollere at dei er i samsvar med kravspesifikasjonane. Det reknar vi med å bruka hausten på, seier Velaug Veum.
Nye kommentarar