...
BLIR BETRE: ? Me skal få ned ventelistene, sa fagdirektør Hans Johan Breidablikk på styremøtet til Helse Førde fredag.

Fleire ventelistepasientar

Talet på ventelistepasientar aukar i Helse Førde.

Publisert 01.09.2010 kl 19:12 Oppdatert 01.09.2010 kl 19:12

Tips ein venn på e-post:


– Me må syna heilt andre tal mot slutten av året, sa fagdirektør Hans Johan Breidablikk i ei orientering til styret.

Bryt fristar

I tillegg slit føretaket med ein del brot på fristar overfor pasientane.

– Så det heng nokre tunge skyer over oss enno, men me har gjort tiltak for å gjera noko med dette. Så me har plikta oss til å levera andre tal mot slutten av året.

Rettigheitspasientar

Ventetida for rettigheitspasientar har auka, medan det samla totale volumet ligg om lag på det same det siste året. I same perioden har også ventetida auka, frå 87 til 100 dagar. Talet på ventande er også høgt i høve til talet på innbyggjarar i Helse Førde.

Men tala syner også at det i juni var 19 pasientar ved medisinsk avdeling som var klare til utskriving, noko som la beslag på 46 døgn ved sjukehuset. Ved ortopedisk avdeling var det 30 personar som var klare til utskriving, noko som i sum utgjorde 255 døgn, fordi det ikkje var noko apparat klart i kommunane til å ta imot desse pasientane.

Informasjon

Breidablikk sa også at informasjonen til pasientar som venta ofte var for dårleg.

– Det vil seia at pasienten sine rettar ikkje er fullt ut ivaretekne.

Breidablikk meinte at tida var mogen til å velja ut pasientane som hadde behov for spesialisthelseteneste.

– Det kan vera alternative tenester som den einskilde pasient kan ha like stor nytte av. Den diskusjonen må me vera villige til å ta.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.