...
SISTE TUR I SOMMAR: «Costa Delizioza» og «Ventura« på veg forbi Flenes på den siste turen til Flåm denne sommaren. No er det berre fem anløp frå mindre skip att. (Foto: Arne Veum)

Cruisesesongen på hell

Berre fem mindre skip att.

Publisert 01.09.2010 kl 19:02 Oppdatert 01.09.2010 kl 19:15

Tips ein venn på e-post:


Ein strålande cruisesesong i Flåm går mot slutten. Tysdag var «Costa Delizioza» på 92.700 bruttotonn på sitt sjuande besøk til Flåm i sommar. Skipet kan ta 2.816 passasjerar og har ein besetning på 906 personar. Samstundes var «Ventura» på heile 116.000 bruttotonn på plass. Skipet har plass til 3.296 passasjerar og eit crew på 1.217 personar. «Ventura» har vore i Flåm fire gonger denne sommaren.

No er det berre fem mindre skip på veg i september før cruseseongen er over.

Driftsleiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling, opplyser at Flåmsbana køyrer fire veker til med sommarruter, og at ein framleis har godt med bestillingar til langt ut i oktober.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.