– Stort personleg press i omstridde saker er i ferd med å skremma folk vekk frå politisk arbeid. Det meiner leikangerordførar og KS-leiar, Olav Lunden.
Lunden trur mange parti i små kommunar vil oppleva å slita med å få fylt partilistene framfor valet neste haust. Utgangspunktet er situasjonen i sin eigen kommune, Leikanger.
Vil slita
– Signala så langt tyder på at partia kjem til å slita i nominasjonsprosessen, og eg blitt kontakta av parti som fryktar at dei ikkje kjem til å klara å stilla liste, seier Lunden.
Også hans eige parti, Ap, har ei klar utfordring i nominasjonsprosessen.
– Me hadde 18 på vallista ved valet for tre år sidan. Nesten samtlege av desse har gjeve beskjed om at dei ikkje ønskjer ein ny periode, seier Lunden.
Tøffe tak
KS-leiaren i Sogn og Fjordane peikar på fleire årsaker til at fleire og fleire vegrar seg for å påta seg politiske verv, men trekkjer fram eitt som han trur overskuggar dei andre.
– Folk føler at den personlege belastninga i stridssaker blir for stor, seier Lunden, og meiner belastninga er ekstra stor i små kommunar.
– Belastande saker i nærmiljøet vil ein alltid ha, og dette er saker som ofte fører med seg eit stort engasjement. Det er bra, men folk bør tenkja seg om før dei let frustrasjonen sin gå ut over einskildpersonar i parti eller det politiske miljøet, seier Lunden.
Han trur dette er med på å skremma valde representantar vekk frå politikken og hemma rekrutteringa til lokalpolitikken.
Nye kommentarar