...
TURGLEDE: PÅ veg frå Skogadalsbøen til Vetti. Foto: Ellen Næsje

Inviterer single med på tur

Turistforeningen arrangerer neste veke singeltur for dei litt spreke.

Publisert 26.08.2010 kl 14:02 Oppdatert 26.08.2010 kl 14:02

Tips ein venn på e-post:


I fleire år har Turistforeningen arrangert singeltreff på hytter i fjellheimen.

Krevjande tur

Nytt av året er tur frå hytte til hytte for einslege. Neste tur, med start onsdag, går frå Sognefjellshytta og ned til Skogadalsbøen. På Bøen bur gruppa i tre dagar og går fotturar. Søndag går ferda gjennom Utladalen, ned til Vettismorki og Hjelle.

– Turen er markert med fire støvlar som betyr at dette er ein krevjande tur. Me skal ha deltakarar som likar å vera på tur, seier turkonsulent Hilde Magnussen i Turistforeningen.

Humørfylt

Kjell Hjellødegård har, saman med Marit Hjellødegård, vore styrar på Skogadalsbøen i åtte år.

– Tilsvarande singeltur i juli var utruleg moro, seier han.

Den fullteikna turen med 30 single med 3 dyktige turleiarar var eit humørfylt innslag i sommarrushet Gruppa som kjem no, får det nok litt rolegare sidan fellesferien er slutt.

– Men me får håpa dei får same gode vêret, legg han til.

Ledige plassar

Deltakarane på den førre singelturen fekk med seg både Fannaråken og Friken. Det var ein sprek gjeng som gjesta Skogadalsbøen i juli.

Deltakarane som kjem til veka, er noko yngre. 25–40 år må du vera for å delta på denne singelturen. DNT Oslo og Omegn, som arrangerer turen, melder at det enno er nokre ledige plassar og at dei gjere vil ha med single frå Sogn.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.