...
RUNDBALLAR: Rundballane blir heidra med rockekonsert. Her blir dei fotograferte i Fjærland av Oddleiv Apneseth, heilt fremst. (Foto: Privat)

Rock for rundballar

«Great balls of fire» i Fjærland.

Publisert 23.08.2010 kl 15:05 Oppdatert 24.08.2010 kl 09:15

Tips ein venn på e-post:


Fredag 27. august går stafettkonserten "Rundballerock" av stabelen på ferjekaien i Fjærland under Rundballefestivalen.

Krav til banda som deltek, er at minst ein av songane dei spelar må kunna knytast til rundball – noko rundt, fylt av gras, eller pakka inn i plast. Her går mange songtitlar an, frå "The green, green grass of home" til "Det går rundt og rundt", heiter det i ei pressemelding.

– Me har den mest originale rockekonserten på den tøffaste festivalen i landet, og her set berre fantasien grensene. Andre sine eller eigne komposisjonar spelar inga rolle, så lenge publikum tenkjer rundball når dei høyrer songen, seier Eivind Ødegård i rundballenemndi.

Rundballerocken er open både for små og store band, unge og gamle deltakarar. Det vert pengepremie til kveldens beste band.

Fleire band frå heile Vestlandet har meldt seg på. Mellom dei er Sandmarx, Master of command, Blackout dreams og Demolition crew. Det er enno plass til fleire band.

– Me håpar fleire band melder seg på, og at svært mange tek vegen til Fjærland denne kvelden og får med seg ein fantastisk konsert, seier rock-ansvarleg Ødegård.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.