Fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen blir ikkje opna att før måndag.
Dette er klart etter at entreprenøren og ein geolog var oppe i området i går.
– Me var nok i overkant optimistiske etter den vellukka sprenginga tysdag, me må gjera eit meir omfattande sikringsarbeid enn me rekna med, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar i Statens vegvesen.
Nett
Yttri rekna tysdag med at vegen kunne opnast alt til helga, men dette går ikkje. Sikringsarbeidet omfattar blant anna meir bolting og oppsetjing av to nett som blir bolta fast i fjellet.
– I tillegg må me sprengja ned litt meir, men dette blir ikkje den heilt store øvinga. Me fekk ned stort sett det som skulle ned tysdag.
Alt som skal utførast av sikringsarbeid blir gjort i denne omgang, slik at vegen ikkje blir stengd i lengre periodar når det blir sett trafikk att på vegen måndag.
– Det vil bli gjort litt arbeid etter at me opnar vegen, som oppsetting av rekkverk og eventuell mindre utbetring av vegbana dersom den har fått skade.
Det vart bygd opp ei pute av lausmassar under området som skulle sprengjast ned for å unngå skade på vegbana. Denne vil ikkje bli fjerna før sikringsarbeidet er ferdig.
– Me kan ikkje ha folk i arbeid der før me er ferdige med å sikra oppe i fjellsida.
Måndag held
Yttri seier dei ikkje kan gå ut med noko klokkeslett for når vegen opnar måndag, men er rimeleg trygg på at det vil skje i løpet av dagen.
– Det skal skje noko heilt uføresett dersom me ikkje får opna måndag
Nye kommentarar