...
Stadig fleire kvinner gjennomfører førstegongsteneste i Forsvaret. Årdalsjentene Anne Linn Rønneid og Malene Heimlid er blant dei som tek utfordringa.

Forsvaret neste

Stadig fleire kvinner gjennomfører førstegongsteneste i Forsvaret. Årdalsjentene Anne Linn Rønneid og Malene Heimlid er blant dei som tek utfordringa.

Publisert 15.08.2010 kl 16:03 Oppdatert 15.08.2010 kl 16:03

Tips ein venn på e-post:


– Det er berre bra for huda med litt gjørme, ler dei to.

Fordel

Jentene fekk ideen etter å ha vore på utdanningsmesse med skuleklassa i Oslo tidlegare i år. Der var det særleg utdanningstilbodet i Forsvaret som fenga:

– Eg har lenge tenkt på å bli politi, og tenkjer at eit år eller to i militæret vil vera ein fordel då, seier Anne Linn, som skal gjennomføra førstegongstenesta i hæren.

Malene er framleis ikkje sikker på kva ho vil i framtida og ser på førstegongstenesta i sjøforsvaret som eit annleis friår før ho vidareutdannar seg.

– Dessutan tenkjer eg at me vil bli meir ettertrakta i arbeidslivet med tanke på at få jenter gjennomfører forsvarstenesta, seier ho.

Utfordring

At dei i det komande året vil møta på mange utfordringar, er jentene klare på. Men fullføra skal dei:

– Eg trur det blir hardt, spennande og ei enorm utfordring, seier Malene.

– Men når me fyrst har byrja, kan me ikkje gje opp.

– Eg gler meg til å sjå kor hardt eg kan pressa meg sjølv. Det har nok mykje med psyken å gjera om ein held ut, meiner Anne Linn.

Afghanistan

Foreldra til dei to jentene har vore positive til valet.

– Men dei likar ikkje at eg har sagt ja til å reisa til Afghanistan etter førstegongstenesta, fortel Anne Linn og held fram:

– Eg er nyfiken og tykkjer det verkar spennande å sjå sjølv korleis det er der nede med eigne auge, og ikkje berre sjå det på TV.

Om det er riktig av Noreg å vera til stades med styrkar i landet, er jentene usamde i.

– Eg tykkjer det er greit at me er der for å bevara freden, men det er eit vanskeleg spørsmål, seier Anne Linn og får støtte frå Malene.

– Det er vanskeleg å ta eit standpunkt, men det har vore mykje dødsfall der nede no. Mange unge har blitt drepne på kort tid, så det er kanskje på tide å trekkja seg attende, meiner ho.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.