LEITEAKSJONEN I AURLAND

...
SYNER OMRÅDET: Gunnar Skahjem syner hundeførarane kvar det er mest sannsynleg at den sakna kvinna kan vere. Alle leitemannskapa får no mykje ros både frå politiet og kvinna sin næraste familie, som er på plass i Aurland. Foto: Arne Veum

Familien rosar leitemannskapa

Politiet og den næraste familien er fulle av lovord over innsatsen til dei mange som dag og natt har leita etter den sakna 60-åringen.

Publisert 11.08.2010 kl 20:57 Oppdatert 12.08.2010 kl 00:02

Tips ein venn på e-post:


Leitinga etter kvinna, som skulle gå frå Undredal til Stegen, vert om ikkje lenge avslutta for kvelden. Men i natt skal i alt fire såkalla lyttepostar vera ute i terrenget.

– Dette er hundar med hundeførarar, som vil kunne merka seg lydar i terrenget, seier innsatsleiar Magne Knudsen frå Årdal lensmannskontor til Sogn Avis.

Sjølv er han svært imponert over innsatsen til dei mange som dei siste dagane har vore med og leita etter den sakna kvinna.

– Familien til den sakna er i Undredal, og dei følgjer tett på aksjonen. Dei og er svært takknemlege for den innsatsen folk legg ned for å finna ho, seier Knudsen til Sogn Avis onsdag kveld.

SeaKing-helikopteret frå redningsbasen i Florø har også i dag vore med på leitinga, saman med mannskap frå mellom anna Sivilforsvaret, Røde Kors, fjellklatrarar frå bregruppa i Jostedalen og andre.

– Dei gjer alle ein heilt fantastisk innsats i denne svært krevjande aksjonen, meiner innsatsleiar Magne Knudsen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.