...
Jon Håland og Marte Tørud Håland. Foto: Kai Martin Brekke

Noregs beste vandrarheim

Famlieverksemda i Flåm satsa åtte millionar på ny vandrarheim. Eitt år etter opninga er tilbodet rangert på topp i Noreg og som åttande best i heile verda.

Publisert 09.08.2010 kl 15:22 Oppdatert 09.08.2010 kl 15:22

Tips ein venn på e-post:


Det er verdas største overnattingsorgansisasjon, Hostelling International, som står bak rangeringa bygd på nettsvar frå brukarane.

– At me kjem så godt ut, er me naturlegvis veldig nøgde med, seier John Håland.

Millionsatsing

Han driv Flåm Camping og Vandrarheim saman med kona Marte og foreldra Erling og Gjertrud. Campingplassen er tidlegare kåra til beste i landet av Norsk Caravan Club. No er det vandrarheimen som tek prisen. For eitt år sidan vart millionsatsinga med 50 senger fordelt på seksten rom, tomanns- og firemannsrom, teken i bruk. Saman med det tidlegare tilbodet kan verksemda tilby 80 vandrarheimsenger.

Måtte satsa

Medan den gamle vandrarheimen hadde felles sanitærrom, har den nye dusj og toalett på kvart einaste rom.

– Mange av gjestene etterspør bad på romma. Det hadde me lite av før. På den andre sida er ein del ute etter billegare løysingar slik me tilbyr i den gamle delen. No har me begge deler, seier Håland.

Han fortel at tanken om å utvida vandrarheimtilbodet har vore der lenge, og er glad for at dei gjorde alvor av planane.

– Me måtte berre gjera det, og erfaringane er udelt positive. Bygget fungerer kjempeflott. Med store fellesareal og sal av enkeltsenger har me klart å følgja opp grunntanken med vandrarheimkonseptet. Me er veldig nøgde, seier Håland.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.