...
FEIRAR: Randi Grande og Gabrielle Neset tek imot fjellfolk med vidgjeten rømmegraut heile sommaren.

100 år med fjellgjester

Laurdag kveld feirar Tungestølen sitt hundrede år som turisthytte.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Julie Strand Offerdal
Publisert 31.07.2010 kl 12:38 Oppdatert 31.07.2010 kl 12:38

Tips ein venn på e-post:

Randi Grande og Gabrielle Neset har nesten vakse opp på hytta ved Jostedalsbreen. Randi har vore der alle somrar sidan ho var fødd, og arva til slutt stølen av mora i 1993. Gabrielle stod bak disken i kafeen frå ho var stor nok, og kom med i drifta av turisthytta for sju år sidan.

– Det var min bestefar og Gabrielle sin oldefar, Lasse Neset, som i si tid starta med å by senger til fjellfolk som kom over breen, fortel Randi.

Familiestøl

Det var sommaren 1910 at dei fyrste gjestene kunne overnatta på Tungestølen. Lasse Neset var patentførar for Den Norske Turistforening, og dreiv turisthytta saman med kona Anna.

No bur Randi og Gabrielle på Tungestølen kvar sommar, og tek imot dagsturistar og fjellfolk med kaffi og rømmegraut.

– No er det mykje utanlandske turistar som kjem. Dei tykkjer det er vakkert her, seier Randi.

Spesielle gjester

Jubileet har vore feira med breturar både torsdag og fredag. Laurdag vert det jubileumstur til Austedalsbreen, og på kvelden er det fest, fortel assisterande generalsekretær i Den Norske Turistforening, Anne Mari Aamelfot Hjelle. Ho kom til Tungestølen for fyrste gong i 1986 og har sidan hatt eit spesielt forhold til staden.

– Det er viktig med ein skikkeleg fest, for å få merksemd rundt hytta og visa at dette er ein bra stad å vera, seier Hjelle.

På jubileumsfesten vert det rømmegraut og lefser, føredrag med turekspert Sven Bjørne-Larsen og historisk tilbakeblikk på Veitastrond med Aud Hilleren. Spesielle gjester er turistforeiningas leiar Kristin Krohn Devold, brekursets far Øyvind Kulberg og patentførar Alf Nordheim.

Utover kvelden vert det musikk av Kringslått og tenning av Olsokbål.

Held koken

Kva som skjer med hytta framover er usikkert. Aamelfot Hjelle vonar Tungestølen held fram som turisthytte.

– Det er ein stad med stort potensial, seier ho.

Randi lovar at dei vil halda koken så lenge det går. Stølen treng oppgraderingar, men Gabrielle ønskjer at turisthytta held fram i same ånden som no.

– Det skal vera ein stad for fjellfolk, god mat og natur, ikkje eit hotell eller ein vegkro, seier ho.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.