...
D/S Stavenes kjem til Fjordsteam neste helg. Foto: Fjordsteam

Stavenes vitjar dampande festival

106-åring debuterer på ny på dampskipfestival.

Publisert 29.07.2010 kl 20:54 Oppdatert 29.07.2010 kl 20:54

Tips ein venn på e-post:


Neste helg blir fleire veteranbåtar å sjå på Fjordsteam i Florø. Ein av båtane det er knytt størst forventing til er 106-åringen D/S Stavenes, som debuterer på ny etter fleire års restaurering. Stavenes vil ikkje gå for eiga maskin, då dampmaskina ikkje er på plass, men vil bli slept til Florø av Slepebåten Vulcanus. I Florø vil Stavenes ta del i opningsparaden.

Heim igjen

– Stavenes er ein fylkesbåt, så når den er ferdig ventar folk at ho kjem tilbake til heimfylket, sidan dei fleste identifiserar dette skipet med Sogn og Fjordane, seier ein av Stavenes sine store forkjemparar, Hallstein Ese.

Han fortel at Stavenes no er i god stand, alderen teken i betraktning.

– Me har lenge ynskt å skapa like stor blest om Stavenes-prosjektet i heile fylket. Me meiner at Sogn og Fjordane lenge har mangla ein fylkesidentitet, og i staden vert det alt for mykje regionane mot kvarandre. Stavenes er ei historie i seg sjølv, så det er ein god plass å byrja her med fylket sin kultur.

Brannbilar

I tillegg til Stavenes er til no 44 større veteranskip, ulike skøyter og agentbåtar i tillegg til eit par hundre veteranbilar påmelde til arrangementet.

– To av brannbilane som kjem frå Bergen er så kule at det ikkje er klokt, seier festivalsjef Sander Ødelien, og lovar at det blir moglegheit for prøvekøyring for dei yngste.

– Trur du folk stiller opp?

– Me vågar ikkje vente noko, men erfaringsmessig veit me at det er stor interesse for desse båtane, og at det difor brukar å koma mange på slike arrangement. Under eit tidlegare stemne i Bergen, stod 80.000 menneske på land og song «Dar kjem dampen», då båten Oster kom nyrestaurert inn, men det torer ikkje me å forventa, ler han.

Medan Nordsteam er eit skandinavisk samarbeid som har pågått sidan 1976, er Fjordsteam ei heilt ny oppfinning, som vert arrangert for fyrste gong i år.

– Ambisjonen er sjølvsagt ein fast vestlandsfestival, seier Ese.

Han tykkjer det er svært viktig at veteranbåtane får meir blest og fokus.

Vanskeleg

– Fryktar de ikkje ein ny Tall Ships Race?

– Det kan ikkje samanliknast. Me har ikkje satsa på det nivået og kjem uansett ikkje til å gå konkurs. Totalbudsjettet vårt er på 150.000 kr, og me har ikkje sett oss i noko gjeld for å få gjennomført festivalen. Det einaste Tall Ships har hatt å bety for oss er at det har vore litt vanskeleg å få tak i sponsorar, fortel Ødelien.

Båtglade i Sogn får òg mykje å gleda seg over i etterkant av stemnet i Florø.

I samband med Fjordsteam-festivalen neste helg blir det i etterkant også arrangert ei samsegling der veteranbåtane D/S Oster, M/S Atløy og M/S Granvin kjem innover Sognefjorden.

– Folk må møta fram, gå om bord og reisa med oss, seier Øyvin Konglevoll, som er leiar i Veteranskibslaget Stavenes og ansvarleg for Sogneturen.

Han fortel at turen til Sogn fungerer som ein kombinert ferietur for mannskapet, samstundes som det er eit gødt høve til å få synt fram båtane.

I rørsle

– Det flotte er at i motsetnad til på Tall Ships Race vil desse veteranbåtane vera i rørsle, og bli brukte rundt omkring, i staden for at alt går føre seg i Florø sentrum, seier Konglevoll.

– Dette gjev ei heilstøypt oppleving som vil gå føre seg både på både sjø og land. I Sogn vert det også korrespondanse mellom veteranbåtane og dei nye ekspressbåtane, og slik får me ei sjøreise gjennom både ny og gamal tid.

Rute:

– Mandag 9. august: Høyanger/Balestrand

– Tirsdag 10. august: Leikanger/Fresvik/Flåm

– Onsdag 11. august: Gudvangen

– Torsdag 12. august: Vik/Arnafjord


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.