Ferja «Lærdal» la frå kai på Hella før dei to siste var ferdig billetterte.
|
Terje Eggum
E-post
|
|
| Publisert 28.07.2010 kl 22:21 Oppdatert 28.07.2010 kl 22:21 |
– Det hasta med å få ei ferje ut til Lavik– Oppedal, seier driftsleiar Oscar Bergheim i Fjord1 Fylkesbaatane.
Havariet til ferja «Gloppen» på Lavik–Oppedal førte til ein serie verknader innover fjorden.
Til slutt slo verknaden inn i Kaupanger, der ferja «Gulen» blei klargjort for teneste i Ytre Sogn den tida «Gloppen» er ute av drift.
Ganske drastisk
Sogn Avis var i kontakt med dei to som stod att på ferjekaien, ein tysk motorsykkel og ein norsk bil.
Dei opplevde overgangen frå normal ferjedrift til kriseruter vel drastisk då dei vantru såg ferjebommen gå ned og ferja leggja frå. Det blir rapportert til Sogn Avis at den landbaserte billettøren såg ut til å vera like forbausa over hastverket.
Færrast mogleg
– Det er vel ikkje slik det skal gjerast?
– Me synes naturlegvis det er trasig at slikt råkar trafikantane, seier driftsleiar Oscar Bergheim, som legg til: – Men i slike situasjonar prøver me disponera slik at det råkar færrast mogleg.
E39 viktigare
For Fjord1 var det onsdag i 14-tida om å gjera å flytta materiell inn på sambandet Lavik–Oppedal før ettermiddagstrafikken seig på.
– Det hasta med å få ferja «Selje» frå Balestrand sektoren til Lavik, seier driftsleiaren, og må berre konstatera at E39 over Ytre Sognefjorden er ein tyngre trafikert hovudveg enn vegane som fører gjennom Balestrandsektoren.
Møtte trafikken
– Det underliggjande her var at straks trafikken tok seg opp på Lavik–Oppedal, frå klokka 15.30, måtte me vera der med ei erstatningsferje, seier Oscar Bergheim.
«Selje» forlet dermed Midtre Sogn, midt i høgste sesongen. Dei to øvrige ferjene, «Lærdal» og «Sunnfjord» posisjonerte seg snøgt for vinterruter, eller såkalla kriserute.
Oskar Bergheim seier til avisa at dei to sambanda venteleg er attende i normal drift midt på dagen i dag.
Det inneber at «Selje» atter vil vera på plass for å trafikkera trekanten Hella-Vangsnes-Dragsvik.
– Det er ikkje gunstig å få havari midt i sesongen?
– Nei, men ein onsdag er likevel å føretrekkja framfor ein fredag, når det først skal skje, seier driftsleiaren.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar