I år driv Øyvind Fagermoen Sjøtun Camping, og har slett ikkje merka noko turistflukt.
| Julie Strand Offerdal | |
| Publisert 28.07.2010 kl 22:01 Oppdatert 28.07.2010 kl 22:05 |
– Me har hatt eit veldig godt år, med åtte prosent meir besøk i juni enn året før, og det ser ut til å verte like gode tal for juli, jublar Fagermoen. I år er det han som er sjef for Sjøtun Camping, etter at han tok over drifta for faren Erland.
– No er eg seniorrådgjevar, spøkjer far, medan Øyvind understrekar at han visste kva han gjekk til.
– Eg har dette i blodet. Eg har vakse opp her, og leika med gjestene då eg var liten. Frå eg var stor nok stod eg i kiosken.
Finanskrisa over
I fjor var eit dårleg år for heile turistnæringa, men i år går alt mykje betre.
– Eg trudde aldri at finanskrisa kom til å vara spesielt lenge for oss. Me driv i eit billeg feriesegment, og er ikkje så sårbare for svingingar i økonomien, meiner Øyvind. Difor var han ikkje redd for å ta over familiebedrifta.
Tvert om, han satsa frå første stund og pussa opp sanitæranlegg og kjøken på campinganlegget.
– Eg ser positivt på framtida, elles ville eg ikkje investert i denne staden slik som eg har gjort.
Blautt og utriveleg
Erfaringane har vore svært gode så langt, skal me tru Øyvind. Men når regnet høljar ned som i førre veke, er det ikkje gøy å vera verken campingsjef eller besøkjande.
– Det vert utriveleg når alt er gjennombløytt.
Det kan venegjengen frå England som Sogn Avis møter på Sjøtun-graset stadfesta. Dei har vore på campingtur på Vestlandet i to veker, og var i Flåm då det stod på som verst.
– Vêret påverka humøret, men me har ikkje forandra på reiseruta, fortel dei. Vakker natur og rimeleg camping i Balestrand har imponert, og no nyt dei sola før dei set seg på hurtigbåten til Bergen.
Greitt med ferie
På Sjøtun kan pappa Erland Fagermoen nyta rolege dagar medan sonen styrer skuta.
– Det var veldig kjekt at nokon ville ta over, det hadde vore trist å måtta leggja ned. Det har ikkje vore noko belastning å driva, men det er godt å sleppa ansvaret, og å ha moglegheit til å reisa vekk på ferie ei veke, seier Fagermoen senior.
Korkje vêret eller økonomien legg nokon dempar på campinglysta, fortel leiarane av fem store campingplassar i Sogn.
– Me har i grunnen hatt ein kjempefin sommar, seier Jon Håland ved Håland Camping i Flåm. Talet på besøkjande ligg på same nivå som i fjor, og med unntak av regnskurene i førre veke har det heller ikkje vore spesielt dårleg vêr, meiner han.
– Når det regnar er det ein del som spør om rom, men om det er fullt slår dei opp teltet, like blide. Folk som dreg på campingtur i Noreg reknar med regn, og bit tennene saman.
Svingar litt
Det er òg omkvedet på dei andre campingplassane Sogn Avis har snakka med.
– Det svingar litt med vêret, men totalt sett har det vore heilt normalt, seier Harald Tjugum på Veganeset Camping ved Dragsvik.
Auke
Ann Lunde på Lunde Camping i Aurland merka ein liten oppgang i mai og juni, og seier juli har vore «precis som normalt».
I Lærdal har sesongen flytta litt på seg, men når året skal oppsummerast vert det nok likt som i fjor, trur Even Aarethun som eig Lærdal ferie- og fritidspark.
– Det er litt færre turistar som berre droppar innom, men me får fylt opp plassane likevel. I lågsesongen aukar besøket, seier han.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar