...
UTRULEG PRESTASJON: Charlotte er råka av den alvorlege sjukdomen cerebral parese, men mykje trening og pågangsmot av det sjeldne, gjorde til at ho klarte å sumja over Sognefjorden. Foto: Terje Eggum

Magisk prestasjon

CP-råka Charlotte sumde over Sognefjorden.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Terje Eggum
Publisert 22.07.2010 kl 13:46 Oppdatert 22.07.2010 kl 14:07

Tips ein venn på e-post:

Ho er CP-råka og må ha hjelpemiddel for å røra seg på land. Men Charlotte Roaldseth (23) treng ingen assistanse i fjorden. Tysdag ettermiddag var ho framme i Leikanger, fire og ein halv time etter at ho blei send i veg frå Borlaug, i vanleg badedrakt og lette sokkar. Etter å ha vore kasteball på kvar side av den mektige fjorden krabba Charlotte Roaldseth i land på nordsida, mellom ungdomsskulen og den gamle steinkyrkja i Leikanger.

Trente i to år

Trygt oppe på land, med familie og vener rundt seg, kunne Charlotte triumfera. Der og då var ho verdas lukkelegaste menneske, for denne prestasjonen har ho bygd opp til over lang tid.

- Eg har trent med denne symjeturen for auga i to år, seier Charlotte, tre-fire økter i veka, minimum 90 minuttar i slengen.

- Kvifor var dette viktig?

- Det var nokon som tvilte på om eg kunne symja ordentleg, seier 23-åringen, og let oss forstå at slikt tenner.

- Kvifor valde du Sognefjorden?

- Det gav seg sjølv, eg ville at ein definert arena, Sognefjord Challenge, skulle vera ramma om det.

Pappa Svein Breivik ledsaga dottera i kajakk over fjorden. Han låg stødige tre-fire meter frå den energiske kroppen, litt lengre borte på fjorden hadde dei ein følgjebåt i beredskap, eit tryggleiksopplegg i tråd med standarden Sognefjord Swim Festival har lagt.

Stålvilje

I følgjebåten sat Øyvind Skartun og Arne Inge Synnevåg, samt tante Janne Strandenes, halvbror Johan og kusine Vibeke.

Frå landsida kom tante Anne Lise Breivik til. Dei var alle sprekkferdig krye av å ha ein fjordsymjar av slikt kaliber i slekta si.

- Ho har stålvilje, seier pappa Svein, og smiler like breitt som etternamnet skulle tilseia.

Og ho fekk ingenting gratis.

Straumen tok tak i henne straks ho var i vatnet på Indre Borlaug. Ho blei ført hjelpelaust vestover i fjorden.

- Eg kom inn i rolegare sjø, heile midtpartiet av fjorden var stille, seier Charlotte, som ei stund trudde ho skulle klara treffa den nye båthamna.

Armane sterkast

Men ein halv kilometer frå land på nordsida tok fjordens overflatemusklar igjen tak i den djerve fjordsymjaren.

- Eg blei ført ut av kurs, men eg tok peiling på Tinghusa og kyrkja, og klarte det, seier ho, lukkeleg over å ha oppfylt draumane sine.

Charlotte må lita mest på armane sine. Beina heng litt etter og blir lett kalde, difor utstyrte ho seg med neoprene-sokkar. Men ho har symt utan drakt og andre hjelpemiddel og oppfyller kravet til ein ekte fjordsymjar.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Sogningar

...

Bryllaup - del 22

...

Følg Sogn Avis på Facebook

Bli medlem i gruppa vår på Facebook, og hald deg oppdatert.
...

Fødde juli 10

...

Fodnes var svaret

Idar Navarsete vart siste rebusvinnar før hausten.

Mest lese nett no

Mest populære biletseriar

An exception has occurred:

Unhandled Exception (500:class javax.servlet.jsp.JspException)

Caught DataFetcherException (no.api.datafetcher.DataFetcherBlackListException: URL http://origo.no/-/excerpt/get/1125/?output_as=fragment&layout=250px is blacklisted)

ocurred while accessing:/componada/component/show-esi/normal/section/element/www.sognavis.no/105/4466525/medium/sec/element250/_/(servlet: componada)

no.api.datafetcher.tags.ImportTag.doEndTag(ImportTag.java:115)
org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag._jspx_meth_adf_import_0(org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag:1644)
org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag._jspx_meth_c_if_0(org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag:1602)
org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag.doTag(org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag:149)
org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeContent_tag._jspx_meth_module_includeOrigo_0(org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeContent_tag:428)
Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.