...
MÅ TA ANSVAR: Sogndal gjer ein dårleg jobb som turistkommune om dagen, og debatten rasar om det er kommunen eller næringslivet som må ta mest ansvar. Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) meiner alle bør sjå meir på sine eigne oppgåver, framfor å kritisere andre. Foto: Arkivfoto

Turist-debatten rasar vidare

Mange er kritiske til turisttilbodet i Sogndal Sentrum. Manglande toalett og dårleg skilting er blant anklagepunkta. Ordførar Jarle Aarvoll svarar på kritikken.

Publisert 20.07.2010 kl 09:52 Oppdatert 20.07.2010 kl 15:25

Tips ein venn på e-post:


I den siste tida har debatten rundt manglande tilbod til turistar i Sogndalsfjøra blussa opp, og mange er kritiske. Blant anna etter Bjørg Rimeslaatten sitt innspel, har det kome fleire reaksjonar. I ein av kommentarane på Sogn Avis sine nettsider blir kommunen utsett for kraftig kritikk.

– Skal Sogndal få turistane til å stoppa må noko gjerast. Det er ikkje berre offentlege toalett som manglar. Alt manglar i Sogndal. Kommunen må forstå at me er i 2010, ikkje 1970, seier brukaren «Synne» på Sogn Avis sine nettsider.

Ordførar Jarle Aarvoll tek til seg kritikken, men meiner alle bør fokusera meir på eigne oppgåver framfor å klaga på andre.

Ingen informasjon

Blant det folk reagerer mest på, er den manglande informasjonen i Sogndal Sentrum. På inngangsvegane til Sogndal er det få infoskilt å finna, og turistane veit ikkje kva dei kjem til. Som tidlegare omtala i Sogn Avis, er og offentlege toalett vanskelege å finna, og bussane hamnar på Park Hotell. Ordførar i Sogndal Kommune, Jarle Aarvoll (Ap), seier seg ikkje einig i denne kritikken.

– Turistinformasjonen ligg på Sogndal Kulturhus, eit godt markert bygg. Skiltinga dit er og til stades, og turistane spør seg som oftast fram når dei kjem til ein ny plass. Her er det opp til alle å vera gode vertar,

Tenkjer langsiktig

Ordføraren kan vera einig i at det er mykje som manglar i Sogndal Kommune. Likevel ser han lyst på framtida.

– Det er mykje som manglar no, det kan me vera einige i. Men det er og så mange pluss med Sogndal, og det er det eg vil fokusera på. Toalettilbodet er mangefullt grunna uheldige omstendigheiter (det eigentlege toalettet datt i bakken og vart knust, red anm.), men me har fylt på med det me kan. No då Sentrumsparken står klar, ligg mykje meir til rette for eit tettare samarbeid mellom næringslivet i Sogndalsfjøra, og tomtene er meir attraktive, meiner ordføraren.

Delte arbeidsoppgåver

Når det gjeld kritikken mot turistinformasjonen og skiltinga inn til kommunen, meiner ordføraren kommunen har sitt på det tørre.

– Eg er einig i at turistinformasjonen burde vore open sju dagar i veka under høgsesongen. Kommunen bidreg med økonomisk stønad, men det er framleis turistformidlinga som driv sjølve kontoret. Når det gjeld infoskilta på veg inn i bygda, har det tidlegare vore næringslivet som har teke seg av desse, seier Aarvoll. Konklusjonen hans er likevel klar. For å auka kvaliteten på Sogndal som ein turistkommune, må alle vera med og dra lasset.

– Vår viktigaste oppgåve er å vere vertskap, noko me har fått gode tilbakemeldingar på. Det er likevel alltid potensial for å bli betre, noko me stadig jobbar med, avsluttar ordføraren.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.