– Opp til reiselivsnæringa sjølv å gjere besøket komfortabelt for turistane.
Sogn Avis skreiv torsdag at Erik Flåten var lei av dei manglande tilboda for turistane i Sogndalsfjøra. Bjørg Rimeslaatten, tidlegare lokalpolitikar og lærar ved Sogndal VGS, meiner dette kan vera til meir skade enn hjelp for turistnæringa.
Samarbeid
Årets turistsesong er godt i gang, og med den store bølgja av besøkjande kjem og fleire problem. Mange meiner kommunen stiller med for dårlege tilbod til turistane som kjem, og den lokale reiselivsnæringa kjem med krass kritikk. Bjørg Rimeslaatten meiner eit tettare samarbeid mellom næringa og politikarane er det som må til.
Gøymd turistinformasjon
Turistinformasjonen i Sogndal ligg på kulturhuset, og Rimeslaatten meiner dette er eit godt tilbod som merkeleg nok blir gøymd vekk.
– Det er meg ei gåte at info-kontoret er stengd søndagar. Det er og nærmast umogleg å finne eit telefonnummer direkte til kontoret. Eg trur turistane hadde sett pris på den korte spaserturen frå fjøra til kulturhuset etter mange timar i buss. Der finn ein jo og mange toalett, understrekar Rimeslaatten.
Delt ansvar
– Reiselivsnæringa skyt seg sjølv i leggen med den krasse kritikken dei gir kommunen, held Rimeslaatten fram. Når Arne Glenn Flåten (leiar i Visit Sognefjord, red.anm) går ut i NRK Sogn of Fjordane og skildrar kor forferdeleg det er å gå på do i Sogndal, kan ikkje det trekkje mange turistar, meiner ho.
Ifølgje Rimeslaatten må næringa i Sogndalsfjøra gjere meir sjølv for å halde på turistane, og ei kartlegging av manglane i sentrum må snart bli gjennomført.
– Kven skal informere turistane om kva tilbod ein finn i Sogndal? Eg meiner det mest rasjonelle er at det blir gjort av reiselivsnæringa sjølv, seier Rimeslaatten.
Over Gravensteinsgata
Ifølgje Rimeslaatten er næringa i Sogndalsfjøra for redde for å sende turistane over Gravensteinsgata.
– Dei er vel redde for at turistane skal gå på Sogningen Storsenter for å handle, men heller ikkje dei har toalettilbod som er gode nok. Her er det opp til reiselivsnæringa sjølv å gjere besøket komfortabelt for turistane, avsluttar Rimeslåtten.
Nye kommentarar