...
TAPER TURISTAR: Hotell som Kviknes i Balestrand har streva i den tradisjonelle fjordhotell-marknaden dei siste åra. Foto: Arkiv

Litt for stille

– Me er nøgde, for så vidt, slik stoda er.

Terje Eggum E-post
Publisert 14.07.2010 kl 21:44 Oppdatert 14.07.2010 kl 21:44

Tips ein venn på e-post:


Hotellsjef ved Kviknes Hotel, Kari Kvikne, legg ikkje skjul på at turisttrøkket har avteke siste åra.

– Men det er betre enn i fjor, fjoråret var dårleg, seier ho, som er desto meir nøgd med responsen på kurs- og konferansesida.

Kurs og konferanse

Med dei dystre utsiktene for fjordhotella, er storhotellet i Balestrand glad for å vera oppe og gå på eit nytt og moderne kurs-/konferansetilbod.

I den tradisjonelle marknaden er det stille, altfor stille. Det er ikkje berre i Balestrand ein merkar det. Turistlandet Norge har lite å gle seg over i eit ti års perspektiv. Aftenposten skreiv tidlegare i sommar at turisttrafikken her til lands er attende på før 1998-nivå.

Må vera aktive

– Me rapporterer ikkje om eit veldig negativt bilete, seier Kari Kvikne, men det er stille om ein måler mot slik det var før.

No blir det lagt merke til om fem bussar har parkert ved Kviknes for natta. For ti år sidan var ti-elleve bussar normalen.

Kari Kvikne seier hotella må vera aktive i marknaden, også på utradisjonelt vis.

– Det må utprøvast nye kanalar, som facebook, der me har gode erfaringar frå i fjor og i år, seier hotellsjefen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.