Fylkesleiarane i Hordaland og Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom rasar mot Arbeiderpartiet og Senterpartiet som har gått inn for å bygga kraftline gjennom Hardanger.
– Å bygga monstermaster i Hardanger er eit svik mot nasjonal kulturarv og klart overtramp mot lokaldemokratiet, seier ein sint og opprørt Aleksander Eilertsen, leiar i Hordaland SU.
Han legg til at det ser ut som Jens Stoltenberg og Terje Riis-Johansen gjer sport av å øydeleggja miljøet Eilertsen får full støtte frå sin kollega i Sogn og Fjordane, Albert Andersen Øydvin.
Ny teknologi
– Det er fullstendig bakstreversk å ikkje ta i bruk ny teknologi for å løysa framtida sine kraftbehov, seier Øydvin, som fryktar at dette vedtaket vil setta ein standard for utbygging av monsterlinjer også andre stader, til dømes mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre.
Dei to fylkesleiarane frontar sjøkabel som alternativ, vert det opplyst i ei pressemelding.
– I staden for å rasera vår felles kulturarv burde statsråd Terje Riis-Johansen ha ballar nok til å senda rekninga for kabel der den høyrer heime, hjå oljeselskapa, seier Øydvin.
Sivil ulydnad
– Nettopp fordi olja ikkje kjem til vara evig, medan monstermastene vil gjera uoppretteleg skade, er dette ei avgjerd som særleg rammar ungdom og framtidige generasjonar, held Eilertsen fram.
Han fnys av forslaget om kompensasjon til dei råka kommunane på 100 millionar kroner:
– Det er ei grov fornærming mot folket i Hardanger å komma med eit so usselt beløp. Det må bli slutt på at politikarar i Oslo-området ranar Vestlandet for ressursar på den måten som me ser no.
Hordaland og Sogn og Fjordane SU vil jobba saman med folkeaksjonen og andre som ynskjer å halda fram kampen for Norges vakraste naturområde.
– Me vil mobilisera til aksjonar med brei folkeleg deltaking, og me er villige til å bruka sivil ulydnad om det er som skal til, seier dei to fylkesleiarane.
Nye kommentarar