...
(Illustrasjon Jon Vikøren AS)

Kven vil bu i banken?

Det gamle bankbygget i Vik skal ikkje lenger berre husa næringsliv.

Publisert 29.06.2010 kl 13:56 Oppdatert 29.06.2010 kl 15:09

Tips ein venn på e-post:


Vik Sparebank, som er eigaren av bygget, har sett i gang planane for utbygging for å utvikla eigedomen. Ein ny etasje skal etter planen byggjast på, og dei to øvste etasjane skal verta leilegheiter.

– Dei nye leilegheitene vil liggja midt i sentrum med gangavstand til alt, så me vågar å tru at dette er eit attraktivt prosjekt, seier banksjef Mats Indrehus.

Nytt og gamalt

Det er det lokale arkitektfirmaet Jon Vikøren AS som har utforma planane for ombygginga. Gamlebanken er eit døme på 60-tals funkisarkitektur, og ein har lagt vekt på å behalda mykje av det gamle teglsteinsbygget.

Det skal bli fire leilegheiter i kvar av dei to øvste etasjane. I 1. etasjen vert det næringslokale for kontor eller butikk.

Bygging neste vår

Banksjefen fortel at dersom alt går i orden på den økonomiske sida, vil dei byrja å byggja neste vår.

– Kor lang tid bygginga tek veit eg ikkje, men det nye bygget til Sognekraft har jo reist seg i løpet av eit år. Kanskje me greier det same? undrar Indrehus.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.