Det vil ikkje bli sprengt meir i fjellsida ved Nebbet i Gudvangen.
– Geologane som var på staden og ekspertar i Oslo som har sett bilete, har vurderte det slik at det er lurast å la det stå som det står no, seier prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune.
Usikker effekt
Blokka som står att og som vart vurdert sprengt ned, er kring 5.000 kubikk.
– Ho er stor, og det er veldig usikkert om sprenging ville ha noko effekt på dei lause partia. Det er vurdert å vera såpass stabilt no at det ikkje er nokon umiddelbar risiko. Byrjar me å skyta, kan me løysa ut meir, seier Rosenvold.
Han fortel at med sprenginga som var gjort måndag, har dei løyst ein del av problemet.
– Sprenginga var svært vellukka. Det som var veldig laust, fekk me ned.
Rosenvold fortel at dei no er i gang med å planleggja ei ny løysing for skjerming mot bustadhus.
Ekstremsportveko
– Dersom det skulle byrja å røra på seg att, vil me ta ei ny synfaring og vurdera situasjonen på nytt, seier han, og opplyser at folk frå Ekstremsportveko har fått beskjed om å ringja han om dei observerer noko som kan tyda på at det er rørsle i fjellet.
– Dei kjem til å hoppa frå Nebbet slik dei alltid har gjort. Men dei legg ned forbod mot å gå opp i rasområdet, seier Rosenvold, som oppmodar sterkt også alle andre om å la vera å gå opp Hallinggrovi til Nebbet.
Frå og med torsdag vert det rydding av lausmassar i Hallinggrovi. Arbeidet vert utført av Melkon AS, vert det meldt på nettsidene til Aurland kommune.
Nye kommentarar