...
NÆRARE FJORDSTI: Varaordførar Heidi-Kathrin Osland er glad for meldinga frå miljøvernministaren. Foto: arkiv

Ungdomar på rømmen

Leitar etter gut (17) og jente (15).

Eli Grotle E-post
Publisert 18.06.2010 kl 12:56 Oppdatert 18.06.2010 kl 12:58

Tips ein venn på e-post:


Politibetjent Rita Skjeldestad, ved Sogndal politistasjon, stadfestar at politiet er blitt kontakta av Sogn barnevern etter at to ungdomar er meld sakna frå ein ungdomsinstitusjon i Sogndal.

– Eg kan stadfesta at me fekk den meldinga i går kveld og at me jobbar med den saka no. Me har ikkje gått ut med noko offentleg etterlysning. Noko meir enn det kan eg ikkje seia, seier Skjeldestad.

Det var mor til ungdomane som kontakta Sogn Avis etter at ho sjølv via politiet hadde fått vite at ungane var meld sakna. Dei to, ein gut på 17 år og ei jente på 15 , vart henta barnevernet den 7.juni og teke med til Sogn.

Familien er no busett på austlandet, etter at dei flytta frå Sogndal i fjor.

– Eg har freista kontakta ungane via mobiltelefon, men får ikkje kontakt. Dei har nok sikkert slått den av. Det var eit stort sjokk for dei å bli tekne med frå heimen og køyrde attende til Sogn av politiet. Der har dei midlertidig bustad på ein institusjon. No er eg uroa for kva som kan ha skjedd med dei, seier mor til dei to.

Politiet vil førebels ikkje gå ut med noko offentleg etterlysning av ungdomane.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.