Foreldra troppa opp for å høyra kva formannskapet hadde å seia om avlastingstilbodet for borna deira, men vart kasta på dør.
– Eg er utruleg skuffa og sint. Dette har me venta på no i snart ein månad. Årsaka til at me kom hit i dag, var for å høyra kva politikarane har å seia om saka, seier Nina Helle Hunderi, mor til Daniel (8).
Overrasking
Formannskapet i Årdal kravde på sist møte den 18.mai ei tilbakemelding frå rådmann Ingvar Laberg på korleis administrasjonen har tenkt å løysa problema med avlastingstilbodet nokre av desse foreldra har venta på i årevis. Fristen vart sett til 8.juni, men grunna streiken i kommunesektoren vart møtet utsett. Notatet frå rådmannen var unnateke offentlegheit, ettersom Årdal kommune meiner dei tre brukarane av tilbodet var lette å identifisera, men all den tid foreldra har stått fram med sine historiar i Sogn Avis, gav dei alle sine skriftleg esamtykke til at lokalavisa - og dermed ålmenta - fekk innsyn i notatet. Overraskinga var difor stor då politikarane valde å lukka møtet der det same notatet skulle leggast fram, og frustrasjonen var minst like stor blant foreldra då dei vart sendt på dør.
– Ubegripeleg
– Dette er heilt ubegripeleg. Me har gjeve skriftleg samtykke til at denne informasjonen kan bli offentleg kjend, og så vert me kasta ut. Eg er skuffa, det er trass alt våre born dette gjeld, seier Reidun Fodnes, mamma til Anita (16).
Les meir om dette i Sogn Avis torsdag.
Kva meiner du om korleis politikarar og administrasjon i Årdal har takla desse sakene? Skriv di meining her.
Nye kommentarar