– Ein farleg rasstrekning mindre, seier ordførar Torodd Urnes i Luster, og klipper over bandet som markerer opninga av Gullringtunnelen, klokka 12.15 tysdag.
Mange hadde samla seg to hundre meter frå tunnelopninga på Skjoldensida. Den 1,2 kilometer lange tunnelen, i eit av dei rasfarlegaste partia i Indre Sogn, gjer kvardagen tryggare for mange i Luster.
1208 meter tunnel
Kommunen har forskottert kostnaden med tunnelen, 120 millionar kroner. Dette skal kommunen få att i 2016.
– Ein imponerande medverknad, seier fylkesordførar Nils R. Sandal, som med tunnelen i Gullringen har fått sin første tunnel, som vegeigar. Ved årsskiftet blei fylkeskommunen den store vegeigaren i kongeriket, den nye asfalten gjennom fjellet i Luster heiter såleis Fylkesveg 55. Det er venta at sluttprisen på anlegget, som omfattar 1208 meter tunnel og 650 meter ny veg i dagen, samt portalar, vil enda på 136 millionar kroner.
Nye kommentarar