...
TIL BYN: Bjørg G. Hovland har rekonstruert den gamle kvinnebunaden for Midtre og Indre Sogn. No skal bruredrakta frå Luster vera med på husflidsjubileum. (Arkivfoto)

Lustrabruredrakta til husflidsjubileum

Bruredrakta til Luster er mellom drakter som vil verta vist fram under 100-årsjubileet til Husfliden

Publisert 26.05.2010 kl 19:26 Oppdatert 26.05.2010 kl 19:26

Tips ein venn på e-post:


Norges Husflidslag er 100 år og Hordaland Husflidslag er 115 år i år. Dette skal markerast med aktivitetar i og utanfor Husfliden 27. til 29. mai på Vågsallmenningen i Bergen.

Laurdag 29. mai vil publikum ikkje berre få sjå bruredrakta. Dei skal òg få sjå på bunaden, påkledning og pynting av brurebunader.

Åtte jenter skal verta pynta i bruredrakter frå Voss, Austevoll, Nordhordland, Osterøy, Strandebarm, Jølster og Luster.

I tillegg demonstrerer dei teknikkar tilknytta bunad: Fletting og påknyting av sokkeband, flosskant på bunadshuer, band på grindvev og brudepynting.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Hordaland Husflidslag, Sogn og Fjordane Husflidslag, husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane, kultur- og næringskonsulenten i Hordaland og Husfliden Bergen AS.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.