...
VERT FAGUTDANNA: Nils Ove Hove tek no fagbrev innan ambulansefag etter 30 år i faget. Foto: Gunnar Kleven

Tek fagbrev etter 30 år

Nils Ove Hove har vore ambulansearbeidar i 30 år, no har han sett seg på skulebenken for å ta fagbrev.

Sigrid Svartefoss E-post
Geir Bjarte Hjetland E-post
Publisert 26.05.2010 kl 19:09 Oppdatert 26.05.2010 kl 19:12

Tips ein venn på e-post:


- Kravet er at ein på vaktlaget har fagbrev, og det vert lettare å få turnusen til å gå opp når me tre som vil ha fagbrev, seier Nils Ove Hove.

To av dei tilsette i Vik skal alt fredag 4. juni ta teoriprøven til fagprøven. Fire stillingar har ambulansestasjonen i Vik. Ingen av dei tilsette har fagprøve. Når tre tilsette på eige initiative no har gått i gang med å ta fagbrev, så vil dei om ikkje alt for lenge stetta krava til å ha faglært ambulansearbeidar.

- Me prøver å gjera vårt til at me skal oppfylla lovkrava, men eg saknar ei oppfølging frå Helse Førde.

Helse Førde er ambulanseeigar, og sit med ansvaret for at dei tilsette oppfyller lovkrava. Eg tykkjer dei kunne vore flinkare når det gjeld til å følgja opp krava. Fram til no har det vore overlate til den enkelte å få seg fagbrev, seier Hove.

All lesing og skulearbeid skal òg gjerast på fritida til den einskilde arbeidstakar.

- Når me har vore mange år ute i arbeid, er det heller ikkje lett å setja seg på skulebenken att. Inntrykket eg har fått etter samlingar me har hatt, er at ambulansearbeidarar i Sunnfjord har vorte betre følgd opp me i Sogn.

Etter 30 år på ambulansen har Hove mykje praksis og realkompetanse.

- Dei som kjem rett frå skulebenken, har ikkje same realkompetanse og praksis. Eg har ein praksis som eg meiner er verdfull for Helse Førde, sjølv om eg ikkje har eit formelt papir på det no. Men no prøver me å gjera vårt til at ambulansetenesta ikkje er "ulovleg" her i Vik, seier Nils Ove Hove.

Han jobbar ved ein av ambulansestasjonane i fylket står utan fagopplærde ambulansearbeidarar. Dermed driv Helse Førde ambulansetenesta si vidare i strid med krava frå helsestyresmaktene.

1. april i år gjekk tida ut for overgangsordninga som godtok at ufaglærde kunne jobba i ambulansetenesta i Noreg. Trass dette har ikkje Helse Førde klart å oppfylle krava i forskriftene om at minst ein av to i kvar ambulanse skal vere faglært ambulansarbeidar.

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har det siste året hatt ambulansetenesta i Helse Førde under tilsyn. Fylkeslege Petter Øgar opplyser at dei no har valt å senda saka vidare til Statens helsetilsyn i Oslo for vidare handsaming.

- Me står no i ein posisjon der Helse Førde i prinsippet driv ei ulovleg ambulanseteneste, og me lokalt har ingen moglegheit til å nytte eventuelle "maktmiddel" for å få Helse Førde til å oppfylle krava, då må saka høgare opp i systemet og det er det me har gjort no, seier Øgar.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.