...
I SIGET: Olga Valsvik i tet og Lina Hæreid kjem i godt driv like bak.

Olga raskast med rullator

Full rulle i rullestol og rullatorløp for pensjonistar.

Publisert 12.05.2010 kl 09:50 Oppdatert 12.05.2010 kl 09:53

Tips ein venn på e-post:


Olga Valsvik smelte til frå start og var raskast i rullatorklassen i den 100 meter lange løypa då Årdal Bu og omsorgssenter arrangerte rullator og rullestolløp for 25 spreke pensjonistar.

– Eg vart litt stiv, det hadde vore betre om me hadde hatt løpet litt seinare på dagen, kommenterte Olga etter målpassering.

Jørgine Kvalevåg (100) var desidert kjappast med rullestolen under rullator og rullestolløpet ved Årdal Bu- og omsorgssenter måndag.

– Ja, dette var artig å vera med på. Kjekt med litt forandring i dagane også, sa ei nøgd Kvalevåg etter premieutdelinga, der ho sikra seg ei flaske med årdalsvatn, eit handlenett og ein termos.

Eldste deltakar var 105 år gamle Marte Brun.

I tillegg til bebuarar ved Årdal Bu- og Omsorgssenter, deltok det også fleire frå verna bustad og AD-bustadene. Tema for verda sin aktivitetsdag i år er fysisk aktivitet for eldre. Og det vart skikkeleg aktivitet ved omsorgssenteret den dagen.

Les meir om det spesielle løpet i Sogn Avis onsdag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.