Tindevegen mellom Årdal og Luster opnar for sesongen torsdag 6. mai.
– Vegen har vore gjennombrøytt sidan forrige veke, så torsdag reknar me med bar vegbane og flotte tilhøve, seier styreleiar Frank Eldegard i A/L Fjellvegen Årdal-Luster.
Mykje snø
Det er framleis mykje snø på dei mest utsette plassane. ILovadalen er skjeringane på over tre meter. Men sjølve vegbana skal vera bar og fin.
I år blir det innført eit nytt system for bompengeinnkreving, med ei kortbasert løysing. Det vil seia at folk må ha med seg kort for å koma over, eller kjøpa fleirturkort for 20 turar på bensinstasjonen i Fortun eller Statoil i Øvre Årdal.
– Me vil i starten ha folk oppe ved bommen som kan vera til hjelp i innkøyringsfasen. Me ynskjer ikkje å ha kontantar der oppe, av fleire grunnar.
26.000
26.000 bilistar passerte bommen i fjor etter ein sesong som vart veldig kort sidan snøen kom alt i september.
– I år vil sesongen også bli litt amputert, med vegarbeid på fylkesvegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal og arbeid med grøfting frå Melheim til Haug.
Nye kommentarar