Fylkeskommunen prøver no å få miljøkronprinsen til Sogn og Fjordane.
I eit brev til det kongelege slott invitererer fylkeskommunen kronprinsen til å opne den store miljøkonferansen som skal vere i Florø 26. oktober i år.
Konferansen skal handle om lokal klimatilpassing, noko Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore ein forkjempar for gjennom lokale miljøplanar og tiltak.
– Kronprinsen har utmerka seg med engasjementet sitt i viktige internasjonale spørsmål, skriv fylkesordførar Nils R. Sandal og direktør for Vestlandsforsking, Agnes Landstad, i brevet til slottet.
Under konferansen i Florø frå 26. - 28. oktober skal lokale miljøerfaringar frå Grønland, Sverige, Skottland, Finland og Noreg diskuterast.
Nye kommentarar