Arne Sanden fekk så hatten passa frå scena under premieren på palmerevyen. Men ordføraren meiner det heile berre var morosamt.
At det har storm kring ordførar i Lærdal, Arne Sanden, dei siste månadane er ikkje å ta for hardt i. Og som venta vart konflikten mellom han og rådmann Bent Arild Grytten eit stort tema under årets mannskor-revy på Hermansverk, "Brød og Sirkus".
Karane i Leikanger Mannskor fekk latterdøra på vid gap frå ein fullsett kultursal i Saften, då Einar Sæterbø og Kolbjørn Nord parodierte Sanden og Grytten på ein måte berre dei sjølve kunne klart betre.
– Korleis opplevde du dette, Sanden?
– For meg var dette berre morosamt, sa Sanden i ein relativt knapp kommentar til Sogn Avis.
Årets revy vart tradisjonen tru ei lattervandring gjennom politik og samfunnsliv i Sogn og Fjordane. Her fekk mang ein samfunnstopp høyre sanninga sett på spissen som berre Leikanger Mannskor kan! For dei som ikkje alt har sikra seg billettar til dei attståande framsyningane, er det berre ein ting å seie: Løp og kjøp!
Ps: Vi kjem attende med mykje meir frå revyen i måndagsavisa.
Nye kommentarar